Kimer, I klokker
Utsjånad
«Kimer, I klokker» er ein julesong skriven av N.F.S. Grundtvig, trykt i Dansk kirketidende nr. 27, 1856.
M.B. Landstad tok songen nærast uforandra inn i si kirkesalmebok (aut. 1869). Den einaste endringa han gjorde, var at orda «Synger og danser» i tredje verset vart bytt ut med «Synger og leger». Han er òg med i bokmålstillegget i Nynorsk Salmebok. I Norsk Salmebok (nr. 57) er innleiingsorda endra til «Kim, alle klokker», og tredjeverset opnar «Kom, la oss synge og leke».
Melodien som vert mest nytta i Noreg er frå Stralsund 1654, Halle 1741, same melodien som er nytta til «Lover den Herre». Det finst fleire norske folketonevariantar til denne melodien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- J.N. Skaar: Norsk Salmehistorie b. I og II, F. Beyers forlag, Bergen 1879-80
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om tittelen på songen av Per Egil Hegge Arkivert 2007-11-15 ved Wayback Machine.