Kfar Truman
Kfar Truman | |||
כְּפַר טְרוּמַן | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Shephelah | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hevel Modi'in | ||
Koordinatar | 31°58′46.92″N 34°55′19.91″E / 31.9797000°N 34.9221972°E | ||
Areal | 1,7 km² | ||
Folketal | 882 (2015) | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Demobiliserte Palmach-soldatar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Kfar Truman 31°58′47″N 34°55′20″E / 31.979722222222°N 34.922222222222°E | |||
Kart som viser Kfar Truman.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Truman |
Kfar Truman (hebraisk skrift כְּפַר טְרוּמַן, tyder 'Truman-landsbyen') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah kring 3 km aust for Ben Gurion internasjonale lufthamn og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 606.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte Palmach-soldatar, og vart først kalla Bnei Harel. I 1950 føreslo representantar frå Jewish Agency å endre namnet til Kfar Truman, til ære for den amerikanske presidenten Harry S. Truman, som gav viktig støtte til opprettinga av Staten Israel. Til gjengjeld, vart moshaven offisielt anerkjent, og gav han rettar til vegar, innlagt vatn og elektrisitet.[1] Skogen ved Kfar Truman vart kalla opp etter Margaret Truman, dottera til presidenten.[1]
Landsbyen vart bygd på landområde som høyrte til landsbyen Beit Nabala.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kfar Truman» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Kfar Truman». Jewish Sightseeing. Henta 16. august 2015.