Hopp til innhald

Karl III av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl III

Konge av Spania
Konge av Napoli
Konge av Sicilia
Regjeringstid10. august 1759–14. desember 1788
Fødd20. januar 1716
FødestadMadrid
Død14. desember 1788
DødsstadMadrid
GravstadCripta Real del Monasterio de El Escorial
Gift medMaria Amalie av Sachsen
Dynastihuset Bourbon-Anjou
FarFilip V av Spania
MorElisabeth Farnese
BornMaría Josefa Carmela, Maria Luisa av Spania, Karl IV av Spania, Ferdinand I av De to Sicilier, Infante Gabriel of Spain, Infante Antonio Pascual of Spain, Infante Francisco Javier of Spain, Maria Isabel de Borbón, Maria Josefa Antoinetta de Borbón, Maria Isabel Ana de Borbón, Infante Philip, Duke of Calabria, Maria Teresa de Borbón, Maria Anna de Borbón

Karl III av Spania (20. januar 171614. desember 1788) var konge av Spania 1759–1788 (som Carlos III de Borbon), konge av Dei to Sicilia 1735–1759, og Hertug av Parma 1732–1735 (som Carlo I). Han var første son frå Filip V sitt andre ekteskap med Elizabeth Farnese av Parma. Han var ein av dei såkalla opplyste despotane.

Han arva Spania etter halvbror sin Ferdinand VI. Han motarbeidde all innskrenking av kongemakta, men var ein utrøytteleg reformator og velferdspolitikar. Mellom anna vart sivil rettspleie fjerna frå påverknaden til kyrkjene. Jesuittane vart forvist frå landet i 1767, og Karl var med i arbeide for å få ordenen oppheva i 1769. I utanrikspolitikken heldt Karl seg til Frankrike, og han slutta i 1761 den bourbounske familiepakta. I 1762 vart han med i sjuårskrigen mot Storbritannia. Dette førte til nederlag både til sjøs og i Portugal, og Spania tapte Florida. Etter å ha støtta koloniane i Nord-Amerika i fridomskampen, fekk Spania Florida att i 1783.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Karl III av Spania
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.