Karakol
Karakol | |||
by | |||
Katedralen i Karakol
| |||
|
|||
Land | Kirgisistan | ||
---|---|---|---|
Fylke | Ysyk-Köl oblast | ||
Provins | Ysyk-Köl | ||
Areal | 48,05 km² | ||
Folketal | 68 800 | ||
Karakol 42°29′26″N 78°23′37″E / 42.490555555556°N 78.393611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Karakol |
Karakol (kirgisisk Каракол) er ein by i Kirgisistan. Han ligg 1750 moh. ved austenden av den store innsjøen Issyk-Kul, og er administrasjonssenter i Issyk-Kul-provinsen. I sovjettida heitte byen Prsjevalsk etter den russiske oppdagaren Nikolaj Przjevalskij, som døydde her i 1888.[1]
Byen dekkjer eit areal på 44 km², og har eit folketal på 66 294 (2009).[2]
Byen blei grunnlagd som militærstasjon i 1869. Han er industrisentrum i eit rikt jordbruksdistrikt.[1]
Turisme er ein viktig næringsveg, og Karakol er mykje brukt som startpunkt for turar i Tian Shan-fjella. Attraksjoner i sjølve byen er dunganarmoskéen av tre og den russiskortodokse katedralen, også den i tre. Seks kilometer utanfor byen ligger grava til Przjevalskij med ein minnepark og eit museum.
I Mikhailovka-bukta ligg det eit testanlegg for torpedoar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Karakol». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 3. mars 2019.
- ↑ «2009 population census of the Kyrgyz Republic: Issyk-Kul Region» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 10 August 2011. Henta 4. januar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Karakol» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2019.