Kamé
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kame.
Kamé eller kame (frå italiensk cam(m)eo)[1] er ein type gravering i relieff, det vil seia eit opphøgd bilde. Vanlegvis har relieffet ein annan farge enn bakgrunnen. Kamé blir brukt til smykke, signetringar og ulike pyntegenstandar.
Ein kan laga kaméar av til dømes edelsteinar som onyks, jade eller agat, eller i skjel. Ein kan også laga kamear av glas eller keramikk, som i jaspergods.
Intaglio er eit innskore mønster som dermed er ein motsett teknikk av kamé-
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kamé» frå Wikipedia på svensk, den 24. juli 2018.