John Playfair
Utsjånad
John Playfair | |||
| |||
Fødd | 10. mars 1748 Dundee | ||
---|---|---|---|
Død | 20. juli 1819 Burntisland | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | matematikk | ||
Yrke | matematikar, geolog, fysikar | ||
Institusjonar | University of Edinburgh | ||
Alma mater | University of St Andrews | ||
Medlem | Royal Society Royal Society of Edinburgh |
John Playfair (10. mars 1748–20. juli 1819) var ein skotsk prest og vitskapsmann.
Han var professor i matematikk ved universitetet i Edinburgh frå 1795, og i naturfilosofi frå 1805. Han var ein nær ven av James Hutton, og etter venen døydde la han fram og forsvarte teoriane hans i Illustrations of the Huttonian Theory of the Earth (1802), eit arbeid som førte til aktualitetsprinsippet sitt gjennombrot i geologien.
Playfair er kjend for Playfairaksiomet som er ei ekvivalent formulering av parallellaksiomet til Euklid. Det fastslår at det gjennom kvart punkt kan trekkast nøyaktig éi linje parallell med ei gjeven linje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- John Playfair. (2011-11-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/John_Playfair