John Hume
John Hume | |||
| |||
Fødd | 18. januar 1937 Derry, Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Død | 3. august 2020 (83 år) | ||
Statsborgar av | Republikken Irland[1] | ||
Parti | Social Democratic and Labour Party (SDLP) | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | St Columb's College | ||
Ektefelle | Patricia Hone[1][2] | ||
Barn | 5 | ||
Medlem | 1st Northern Ireland Assembly (1973–1974) | ||
Verv | Leiar av Social Democratic and Labour Party 6. mai 1979-6. november 2001 | ||
Føregangar | Gerry Fitt | ||
Etterfylgjar | Mark Durkan | ||
Verv | Medlemm av Legislative Assembly for Foyle 25. juni 1998-1. desember 2000 | ||
Føregangar | Nyoppretta | ||
Etterfylgjar | Annie Courtney | ||
Verv | Medlem av Det britiske parlamentetet for Foyle 9. juni 1983-11. april 2005[3] | ||
Føregangar | Nyoppretting | ||
Etterfylgjar | Mark Durkan | ||
Verv | Medlem av Europaparlamentet 10. juni 1979-13. juni 2004 | ||
Føregangar | Nyoppretting | ||
Etterfylgjar | Bairbre de Brún | ||
Verv | Medlem av Det nordirske parlamentet for Foyle 24. februar 1969-30. mars 1972 | ||
Føregangar | Eddie McAteer | ||
Etterfylgjar | Parlamentet avskaffa | ||
Alle verv |
|
John Hume (18. januar 1937–3. august 2020 var ein nordirsk politikar og nobelprisvinnar, fødd og død i Derry.
Hume var ein sentral politikar i Nord-Irland som formann i Social Democratic and Labour Party frå 1979 til 2001. I 1990-åra spelte han ei viktig rolle i arbeidet som i 1998 førte fram til Langfredagsavtalen. For sin innsats vart han tildelt Nobels fredspris 1998 saman med David Trimble, leiaren i Ulster Unionist Party.
Hume var medlem av det nordirske parlamentet frå 1969 til det vart nedlagt våren 1972. Gjennom heile 25 år, 1979-2004, representerte han Nord-Irland i Europaparlamentet. Ved det britiske parlamentsvalet i juni 1983 vart han vald til å representere den nye valkrinsen Foyle i Westminster. Gjennom stadige attval kom han til å ha plass i parlamentet til han i 2005 let vere å stille til val.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «John Hume, SDLP leader who stood up for peaceful nationalism and won the Nobel Prize – obituary». The Daily Telegraph. 3. august 2020. Henta 7. august 2020. «He travelled on an Irish passport»
- ↑ «In Pictures: John Hume is laid to rest in his hometown of Derry». The Irish Independent. 7. august 2020. Henta 7. august 2020. «Patricia Hume speaks to mourners outside St Eugene's Cathedral in Derry ahead of the funeral of her husband John Hume.»
- ↑ «Parliamentary career for Mr John Hume - MPs and Lords - UK Parliament». members.parliament.uk. Henta 3. august 2020.
- Denne artikkelen bygger på «John Hume» frå Wikipedia på engelsk, den 6. og 8. august 2020.