Jimmy Wales
Jimmy Wales | |
Statsborgarskap | USA, Storbritannia |
Fødd | 7. august 1966 (58 år) Huntsville i Alabama |
Yrke | forretningsdrivande, bloggar, gründer, wikimedianar, informatikar, forskar, orator, handelsmannn |
Språk | angloamerikansk, engelsk |
Medlem av | Wikimedia Foundation Board of Trustees, Wikimedia Foundation |
Religion | ikkje-religiøs |
Ektefelle | Kate Garvey |
Nettstad | https://jimmywales.com/ |
Jimmy Wales på Commons |
Jimmy Donal «Jimbo» Wales (fødd 7. august 1966) er ein Internett-gründer og ein wiki-entusiast som er best kjend for å ha grunnlagt Wikipedia.
Oppvekst og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Wales vart fødd i Huntsville i Alabama i USA. Han studerte først ved Auburn University og seinare ved University of Alabama for BA-graden. Seinare tok han ymse kurs ved Ph.D.-programma i finansstudiar ved University of Alabama og Indiana University. Han underviste ved begge desse universiteta i løpet av studia sine, men skreiv ikkje doktoravhandlinga som var nødvendig for å oppnå ein høgre grad ved desse universiteta.
Tidleg karriere
[endre | endre wikiteksten]Wales tok til å handla med terminar og opsjonar i Chicago, og bygde i løpet av få år opp ein formue som gav han økonomisk tryggleik.
I midten av 1990-åra grunnla han selskapet Bomis, som hovudsakleg var ein søkeportal for populærkultur med noko eige stoff. Her byrja han i mars 2000 Nupedia, eit oppslagsverk med fritt innhald vurdert av fagfolk. Larry Sanger blei tilsett som sjefsredaktør.
Utviklinga av Wikipedia
[endre | endre wikiteksten]15. januar 2001 sette Wales og Sanger opp Wikipedia, ein tilsvarande wiki-basert nettstad som var berekna for samarbeid om ensyklopedisk innhald før det skulle gå til Nupedia for vurdering. Den raske veksten til Wikipedia gjorde det til det dominerande prosjektet, til "det frie oppslagsverket", og Nupedia vart lagt på hylla. (Sanger gjorde mesteparten av den tidlege utviklinga av Wikipedia, mens Wales skaffa den kapitalen som skulle til. mainly provided the necessary capital. I og med at Sanger var Wales sin arbeidstakar, ser Wales seg sjølv som den einaste grunnleggjaren av Wikipedia, sjølv om Sanger refererer til seg sjølv som medgrunnleggjar ("co-founder"). I 2003 sette Wales opp Wikimedia Foundation, ein ideell organisasjon basert i Tampa i Florida, for å støtte Wikipedia og dei yngre søsterprosjekta hennar. Etter det har Wales brukt meir og meir tid på å fremje dei ulike prosjekta til Wikimedia Foundation. Wales er president og styreformann i stiftinga (2005).
Papirpublikasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Robert Brooks, Jon Corson and J. Donal Wales: «The Pricing of Index Options When the Underlying Assets All Follow a Lognormal Diffusion», i Advances in Futures and Options Research, vol. 7, 1994.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Jimmy Wales» på Engelsk Wikipedia
- Pink, Daniel H.: «The Book Stops Here», i Wired, 3. mars 2005. [1]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Personleg heimeside (engelsk)
- Personleg blogg Arkivert 2004-10-11 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Intervju i USA Today (engelsk)
- Artikkel i Newsweek (engelsk)
- Brukarsida til Wales på engelsk Wikipedia
- Video av Jimmy Wales som diskuterer Wikipedia Arkivert 2006-02-19 ved Wayback Machine. - ein 40 minutt lang tale Wales heldt på Stanford den 9. februar 2005.
- Intervju med IT Conversations (engelsk)