Jente
Ei jente eller taus er eit menneskebarn av hokjønn, i motsetnad til ein gut, som er eit barn av hankjønn. Jenter veks opp til å bli kvinner.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Ordet «jente» stammar frå norrønt genta, av gant, 'spøk, fjas', medan «pike» (norrønt píka) truleg stammar frå finsk. Opphavet til «taus» er ukjent, men det kan ha samanheng med tysja — ei fjasejente eller ei kvinneleg vette. «Jente» er eit særnorsk ord som på dansk og svensk hovudsakleg blir brukt for å visa til norske jenter.
Orda for jenter kan også brukast i samanhengar eller åleine for å visa til tenestejenter, og i nokre samanhengar også for å visa til prostituerte eller lettliva kvinner. Liknande bruk finst også i andre språk, til dømes engelsk «girl», som både har blitt brukt om prostituerte og tenestefolk.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Artiklar om jenter Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine. på forskning.no
- Om ny forsking på jenter Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. ved forskningsradet.no
- «jente» i Nynorskordboka., «taus» i Nynorskordboka.
- «Jente», «pige» og «tøs» i Ordbog over det danske sprog