Jacob Lindboe
Jacob Lindboe | |||
| |||
Fødd | 3. september 1843 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 4. februar 1902 (58 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, advokat, dommar | ||
Barn | Asbjørn Lindboe | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Alle verv |
|
Jacob Albert Lindboe (3. september 1843–4. februar 1902) var ein embetsmann og stortingsmann frå Christiania. Han var medlem av Venstre. Asbjørn Lindboe var sonen hans.
Lindboe var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han student i 1863 og cand. jur. i 1867. Frå 1869 var han overrettssakførar i Trondheim, deretter sorenskrivar på Nordmøre 1891-92, og sidan lagmann i Eidsiva og Frostating.
Han var medlem av formannskapet i Trondheim 1882-86, samt 1884-90 direktør for Noregs Bank i Trondheim. Medlem av representantskapen i Noregs Bank 1893-1901, formann i denne frå 1894.
Lindboe var 1. representant frå Trondheim og Levanger på Stortinget 1895-1900. Begge dei to valperiodane var han medlem av konstitusjonskomiteen, 1898-1900 var han formann i den militære straffelovskomiteen og medlem av valkomiteen.
Lindbøe døydde i Kristiania.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914