Hopp til innhald

Inishtrahull

Koordinatar: 55°26′N 7°14′W / 55.43°N 7.23°W / 55.43; -7.23
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inishtrahull
Geografi
Inishtrahull is located in
Stad Atlanterhavet, nord for Irland
Koordinatar 55°26′N 7°14′W / 55.43°N 7.23°W / 55.43; -7.23

Administrasjon
Land Irland
Grevskap Donegal

Demografi
Folketal 0 (2006)

Inishtrahull er ei øy om lag 10 km nordaust for Malin Head i County Donegal og er den nordlegaste øya i Irland. Øya ligg 7 km nord for halvøya Inishowen i Atlanterhavet.

Øya er danna av ein type metamorfisk gneis kalla Inishtrahull Gneiss, som er 1,7 milliardar år gamal. Gneisen er den eldste kjende bergarten på dei irske øyane og studiar har vist at øya ein gong var ein del av det sørlege Grønland[1]

Øya har ikkje vore busett dei siste tiåra, men det står framleis hus og eit lite skulehus att. Inishtrahull er kjend for fyret som står her. Fyret er framleis er aktivt og nyttar hovudsakleg solpanel som energikjelde.

  1. Commisioners of Irish lights, arkivert frå originalen 19. november 2007, henta 14. oktober 2007