Ingvald Svinsås-Lo
Ingvald Svinsås-Lo | |||
Fødd | 26. desember 1897 | ||
---|---|---|---|
Død | 1. juni 1980 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Ingvald Svinsås-Lo (26. desember 1897–1. juni 1980) var ein gardbrukar og politikar frå Meldal. Han var ordførar 1934-37 i Meldal kommune og stortingsrepresentant 1945-49 frå Sør-Trøndelag, vald for partiet Venstre.
Svinsås-Lo tok eksamen ved Sunnmøre småbrukarskule i 1917, og ved Sør-Trøndelag fylkes landbruksskole i 1919. Frå 1925 til 1959 dreiv han garden Lo i heimbygda.
Svinsås-Lo var medlem i Meldal kommunestyre 1928-40 og 1945-59, ordførar 1934-37. Til sine tider var han formann i bustadbanknemnda, jordstyret og skogrådet i Meldal kommune. Han var styremedlem 1938-60 i A/L Bøndernes Salgslag, dei siste 10 åra styreformann i salslaget. Også styremedlem 1938-67 i Meldal sparebank, styreformann 1958-67.
Hausten 1945 vart Svinsås-Lo vald til å representere Venstre og Sør-Trøndelag på Stortinget. På Tinget var han sekretær i Militærkomiteen.