Ingrid Pedersen
Ingrid Pedersen | |
Fødd | 17. april 1933 Stockholm |
Død |
11. september 2012 (79 år) |
Yrke | flygar |
Ingrid Pedersen (17. april 1933–11. september 2012) var ein svensk-amerikansk flygar.[1] Ho var den første kvinnelege piloten til å fly over Nordpolen.[2]
Ingrid Elisabeth Liljegren vart fødd i Stockholm i Sverige. Ho var dotter av Sivert Roland Liljegren (1908-75) og Maud Berg (1915-82). I 1957 tok Ingrid flysertifikat i Sverige. Ho gifta seg med Einar Sverre Pedersen (1919-2008) i 1958. I 1962 flytta familien til Anchorage i Alaska, der Einar Pedersen var stasjonert som navigatør for Scandinavian Airlines på interkontinentale flygingar, Nordpolsruta.[3][4][5]
I 1963 sette Ingrid Pedersen saman med mannen som navigatør ut med eit ein-motors Cessna 205-fly frå Fairbanks i Alaska over den geografiske nordpolen og vidare til Bodø i Noreg.
Ingrid og Einar emigrerte til USA i 1979. Einar Pedersen døydde i 2008. Ingrid Pedersen døydde i 2012 i Anchorage i Alaska.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Ingrid Pederson , Alaska Kapittel Medlem", arkivert frå originalen 29. september 2016, henta 22. mars 2023
- ↑ Gibson 2013.
- ↑ "Einar Sverre Pedersen, 1919 – 2008.
- ↑ Bjørn Bjørhovde: Einar Sverre Pedersen, Sjefsnavigatør i SAS, pionér i norsk polar- og flyhistorie.
- ↑ Bjørn Bjørhovde. «Einar Sverre Pedersen, Sjefsnavigatør i SAS, pionér i norsk polar- og flyhistorie.». Norsk biografisk leksikon. Henta 1. desember 2015.
- ↑ "Ingrid Pederson", arkivert frå originalen 30. april 2017, henta 24. september 2018
- Denne artikkelen bygger på «Ingrid Pedersen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2018.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Gibson, Karen (2013), Women Aviators: 26 Stories of Pioneer Flights, Daring Missions, and Record-Setting Journeys, (Chicago Review Press), ISBN 9781613745403
- Thomas, Julie (1996), The Ninety-Nines, (Turner), ISBN 9781563112034
- Welch, Rosanne (1998), Encyclopedia of Women in Aviation and Space, (ABC-CLIO), ISBN 9780874369588
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kvinner i norsk luftfartshistorie Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine.