Inchkeith
Inchkeith Lokalt namn Innis Cheith | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Firth of Forth |
Koordinatar | 56°00′N 3°06′W / 56°N 3.1°W |
Øygruppe | Øyane i Firth of Forth
|
Areal | 0,2 km²
|
Høgaste punkt | 60 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Fife
|
Inchkeith (skotsk-gælisk Innis Cheith) er ei øy i Firth of Forth i Skottland i regionen Fife.
Inchkeith har hatt ei fargerik historie på grunn av plasseringa nær Edinburgh. Det står eit fyr på øya og det vart bygd festningsverk for å forsvare Edinburgh og seinare Forth Road Bridge og Rosyth Dockyard.
Historie
[endre | endre wikiteksten]På slutten av 1400-talet vart øya (i lag med naboøya Inchgarvie) nytta som isolat for folk med syfilis i Edinburgh.[1] Seinare vart øya òg nytta som isolat for folk som hadde pest. I 1799 døydde mellom anna russiske sjømenn her og vart gravlagde på øya.[2]
Under regjeringstida til kong James IV i renessansen var Inchkeith åstad for eit usedvanleg eksperiment. Jems IV sette i land ei kvinne og to spedbarn for å sjå kva språk spedborna ville lære seg når dei var isolerte frå resten av verda. Ein trudde at dette kom til å vere «originalspråket» eller språket til Gud. I følgje nedskrivingar kunne ikkje borna snakke.[3]
Engelskmennene bygde eit stort firkanta fort på øya på 1500-talet, men dei vart drivne bort av ein kombinert fransk-skotsk styrke i 1549. [4] Dei engelske festningsverka vart ytterlegare forsterka av skottane. Seinare vart fortet eit fengsel.
I 1803 vart Inchkeith fyr bygd av Thomas Smith og Robert Stevenson. Lyset står 67 meter over havet. Dei påfølgjande åra vart festninga på øya forsterka i frykt frå ein invasjon frå Napoleon. Det same skjedde under begge verdskrigane. I 1899 fekk fyret tåkelur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pearce, J M S (april 1998). «A note on the origins of syphilis». Journal of Neurology, Neurosurgery og Psychiatry 64 (542): 542. doi:10.1136/jnnp.64.4.542.
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
- ↑ Scottish History - Renaissance and Reformation - Historical Oddities
- ↑ «"The story of Leith - XXII. The Siege of Leith». Electric Scotland. Henta 8. februar 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Inchkeith» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Collins Encyclopedia of Scotland
- «UK Fortifications Club - Fort of the Quarter - Inchkeith». UK Fortifications Club (UKFC). Arkivert frå originalen 2. september 2006. Henta 8. februar 2010.
- Grant, James (1890). Old og New Edinburgh. Cassell & Co, London, Paris, New York.