Idrettslaget Leik
Utsjånad
Idrettslaget Leik er heimehøyrande på Hølonda i Trøndelag og vart skipa 6. januar 1894 som Skilaget Leik.[1] Laget har i dag aktivitet innan trim og friidrett, handball, fotball, ishockey, orientering og ski. Leik-medlemane Magnar Estenstad, Toralf Engan og Oddvar Brå har alle vore i verdseliten i skisporten.
Laget har har to ljosløyper for langrenn, ein hoppbakke, ein ishockeybane med kunstis, to fotballbanar og ein idrettshall.
Noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1954 – NM på ski 3 x 10 km stafett for menn
Kjende utøvarar
[endre | endre wikiteksten]- Magnar Estenstad – langrenn – bronse på femmila i OL i Oslo 1952, noregsmeister på femmila 1948, 49, 52, 53 og 54 og på tremila i 1950.
- Toralf Engan – hopp – olympisk meister i stor bakke OL i Innsbruck 1962, vinnar av hoppveka 62/63, verdsmeister i normalbakke 1962 og noregsmeister i 1961.
- Oddvar Brå – langrenn – verdsmeister på 15 km og stafett i Oslo 1982, 16 individuelle noregsmeisterskap i langrenn og eitt på 20 km terrenglaup, vinnar av verdscupen i langrenn 1975 og 1979.
- Svein Lilleberg – langrenn – fem gonger paralympisk meister
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nettstaden til Idrettslaget Leik: «Leiks historie», arkivert frå originalen 4. august 2012, henta 29. januar 2012