Hofsjökull
Utsjånad
Hofsjökull er den tredje største isbreen på Island etter Vatnajökull og Langjökull, og dekkjer eit areal på 925 km². Det høgaste punktet strekkjer seg til 1 765 moh.
Breen ligg vest i dei indre områda av Island eller Det islandske høglandet mellom Vatnajökull og Langjökull. Hofsjökull er kjelda til mange elvar, inkludert Þjórsá, den lengste elva på Island. Under isbreen ligg det ein kaldera.
To av dei større hovudvegane i området går langs breen: Sprengisandur og Kjölur.
Ikkje langt sør for breen ligg Kerlingarfjöll, ei fjellkjede som tidlegare var kjend for skisport om sommaren.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hofsjökull
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Drangajökull frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: