Henrik Gjesdal
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Kallenamn | Henke | ||
Fødd | 19. juli 1993 (31 år) | ||
Fødestad | Bergen | ||
Høgd | 192 cm | ||
Posisjon | Forsvarar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Start | ||
Nummer | 25 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2006-2012 |
Kringlebotn Brann | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2013 | Brann | 18 | (0) |
2014 | → Nest-Sotra (lån) | 14 | (3) |
2014–2017 | Tromsø | 28 | (2) |
2017–2020 | Kristiansund | 17 | (1) |
2020– | Start | 0 | (0) |
Landslag | |||
2013– | Norge U21 | 2 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. desember 2019 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juni 2013 |
Henrik Gjesdal (fødd 19. juli 1993) er ein norsk fotballspelar. Han er fødd i Bergen og spelar for Idrettsklubben Start som forsvarsspelar.[1]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Gjesdal kom til Brann i november 2006 og har spelt for alle ungdomslaga i klubben, og spelte mellom anna to finalar for Brann i junior-NM mot Rosenborg. Det vart tap i begge finalane.
Gjesdal debuterte for A-laget til brann i 1. runde av cupen då Brann vann 14-0 over Hovding i april 2013. Gjesdal scora då det første målet i kampen, som òg vart det første for klubben. Same veka debuterte Gjesdal i Tippeligaen for Brann då han kom inn for Jonas Grønner på heimebane mot Odd. Den første kampen frå start kom 9. mai 2013, då Brann slo Start 2–0.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Høyreist stopper klar for Start», Start, henta 28. juni 2020
- Profil på brann.no Arkivert 2013-05-16 ved Wayback Machine.