Hopp til innhald

Henny Reistad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henny Reistad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. februar 1999 (25 år)
Oslo
Idrett handball
Tok del i Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner
Utmerkingar Q125587818

Henny Ella Reistad (fødd 9. februar 1999) er ein norsk handballspelar frå Oslo som frå 2021 gjer teneste i danske Esbjerg. Ho vart europameister 2020 og 2022, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs landslag. Våren 2021 vann ho EHF-meisterligaen med IK Våg. Reistad er venstre rykkromspelar. Pr august 2024 har ho delteke i 90 landskampar og skåra 372 mål.

Reistad var aktiv på Stabæk IF sitt lag i eliteserien frå 2015 til -18. Perioden 2018-21 spelte ho på IK Våg, kjend som Vipers, Noregs suverene topplag i kvinnehandball. Med laget frå Kristiansand vart ho seriemeister 2019, 2020, 2021 og vinnar EHF-meisterligaen i 2021.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Reistad fekk sin landslagdebut 22. november 2018 og deltok i EM 2018 i Frankrike, der Noreg enda på femteplass. Grunna skade var ho ikkje aktuell til VM 2019. Under europameisterskapen 2020 i Danmark markerte ho seg som ein av dei viktigaste spelarane i det norske mannskapet. I EM-finalen mot Frankrike skåra ho 2 av dei norske måla i ein kamp som enda med norsk siger 22-20. Året etter vart ho med 6 mål toppskårar i VM-finalen då Noreg atter vann ein internasjonal meisterskapsfinale. I finalen mot Frankrike under Sommar-OL 2024 vart Reistad kampens toppskårar med sine 8 nettkjenningar.

Merittar landslag

[endre | endre wikiteksten]