Hopp til innhald

Henny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Henny er eit personnamn som kan brukast av begge kjønn. I nordisk tradisjon er det kjend som kvinnenamn danna som ei kortform av Henrikke og Henriette, eller ei kvinneleg form av Henrik. Mannsnamnet kan også vera ei kortform av Henrik eller av Henry.

Utgangspunktet for alle namna er Heinrich eller Haimrich, namn av gammalhøgtysk opphav der førsteleddet tyder 'heim' og sisteleddet 'herskar'.

Henny har namnedag den 22. mai. Same dagen har færøyske Henný namnedag.

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]
  • Henny Youngman (1906–1998), opphavleg Henry, britisk-amerikansk komikar
  • Henny Eman (f. 1944), opphavleg Jan Hendrik Albert Eman, statsminister av Aruba
  • Henny Vrienten (f. 1948), nederlandsk musikar og komponist

«Henny» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]