Havmus
Utsjånad
(Omdirigert frå Havkatt)
Havmus | |
Havmus | |
Status | |
Status i verda: Sårbar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Bruskfiskar Chondrichthyes |
Orden: | Heilhovudfiskar Chimaeriformes |
Familie: | Havmusfamilien Chimaeridae |
Slekt: | Chimaera |
Art: | Havmus C. monstrosa |
Vitskapleg namn | |
Chimaera monstrosa |
Havmus, havkatt, hågylling eller gullhå (Chimaera monstrosa) er ein bruskfisk i havmusfamilien, den einaste i familien som finst i norske farvatn. Havmusa vert opptil 1,5 kilogram tung og 1,5 meter lang, halen medrekna. Ho finst oftast på ei djupn mellom 300 og 500 meter.[1]
Den sørlege utbreiinga til havmusa inkluderer havet utanfor Nordvest-Afrika og delar av Middelhavet. Nordover finst havmusa nordaust i Atlanterhavet: vest for Dei britiske øyane og nordvestetter mot Island, og langs heile norskekysten og nordvestetter mot Svalbard.[1]
Havmus har eit framtredane hovud. Kroppen smalnar bakover. Auget er stort. Havmusa lever av muslingar, slangestjerner, krepsdyr og småfisk. På ryggfinna er det ein pigg forbunde med ein giftkjertel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om havmus Arkivert 2006-10-16 ved Wayback Machine.