Hans Stavrand
Hans Stavrand | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. januar 1894 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Hans Nikolai Stavrand (4. januar 1894–17. mars 1980) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Sandtorg i Troms som representerte Venstre og Troms fylke på Stortinget i tida 1950-1961.
Stavrand deltok i sesongfiskeria fram til 1935, og var elles anleggsarbeidar i tida 1919-22. I 1921 gjekk han Trondenes folkehøgskule og skuleåret 1922-23 gjekk han landbruksskule på Gibostad. Frå 1927 til 1948 arbeidde han tidvis som oppmålar for jordstyret i Sandtorg herad. Han overtok farsgarden Nordvik i 1930 og dreiv denne til ein ny generasjon tok over.
Stavrand var medlem av heradsstyret i Sandtorg frå 1932 til 1959, varaordførar 1938-40. Gjennom heile denne tida hadde han ei mengd styreverv, både i kommunal og privat verksemd, samt i organisasjonar. Ved stortingsvalet hausten 1949 fekk Stavrand fast plass på Tinget, og vart deretter attvald to gongar. Alle tre stortingsperiodane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.