Halvdan
Utsjånad
Halvdan eller Halfdan er eit norrønt namn som tyder «halvt danske». Namnet er eit førenamn og eit mannsnamn. Namnet har vore nytta i Noreg og Danmark frå før vikingtida. Fleire kongar og sogeheltar har hatt dette namnet.
Halvdan har namnedag den 20. november.
Kjende personar med namnet Halvdan eller Halfdan
[endre | endre wikiteksten]- Halvdan Svarte
- Halvdan Kvite
- Halvdan Koht (1873 - 1965), norsk politikar og målmann
- Halfdan Kjerulf (1815 - 1868), norsk komponist
- Halfdan Egedius (1877 - 1899), norsk kunstmålar
- Halfdan Cleve (1891 - 1959), norsk komponist
- Halfdan Hegtun (f. 1918), norsk politikar
- Halvdan Sivertsen (f. 1950), norsk musikar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Halvdan hjå Statistisk Sentralbyrå