Hakadal kyrkje
Hakadal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Hakadal kyrkje
Foto: Chell Hill | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Nedre Romerike | ||
Sokn | Hakadal | ||
Fellesråd | Nittedal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | Ca. 1610 | ||
• Endringar | 1684, 1732, 1849, 1890, 1955 | ||
Tårn | I vest, fra 1849 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Med akantus | ||
Døypefont | Med akantus | ||
Altartavle | Johan Jørgen Schram | ||
Sitjeplassar | 180 | ||
Hakadal kyrkje 60°06′20″N 10°52′37″E / 60.105694444444°N 10.876916666667°E | |||
Wikimedia Commons: Hakadal kirke |
Hakadal kyrkje er ei langkyrkje nord i Nittedal kommune i Akershus. Kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, rundt 1610.
Allereie i 1393 er det omtala ei kyrkje i Hakadal. Ho kan ha stått på same staden som kyrkja av i dag, men det var ikkje same bygg. Det er ukjent korleis denne kyrkja såg ut, men ho var vigd til st. Laurentius, skytshelgen for dei fattige. Kyrkja vart truleg lagt ned på 1500-talet og vart omtala som eit aude kapell i 1598.[1]
Kyrkja vi no ser, vart først bygd som ei låg tømmerkyrkje utan tårn eller takryttar. Kyrkjeklokkene hang frå taket inne i sjølve kyrkjeskipet. Den første utvidinga av kyrkja i 1732 la til ein takryttar til klokkene. Sjølve kyrkjetårnet kom først i 1849.
Altartavla er frå utvidinga i 1732. Ho er skoren av Johan Jørgen Schram og framstiller Jesus på krossen med oppstoda over. Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eine kjøpte gardeigarane i Hakadal i 1839, medan den andre er matklokka frå Ås gard.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hakadal kyrkje» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sigrid og Håkon Christie: Hakadal kirke i «Norges kirker»
- Nittedal kyrkjelege fellesråd
- «Hakadal kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Aabel, Marit; Kolberg, Mona; Christophersen, Tom (2009). Hakadal kirke 400 år. Jubileumsskrift. Hakadal: Nittedal Historielag. ISBN 978-82-995459-2-1.
- Nittedalsporten om kyrkja
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 654. ISBN 82-75-27022-7.
- Hakadal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren