Hopp til innhald

Høylandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høylandet
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Høylandet
Areal 0,48 km²
Folketal 359  (2023)
Folketettleik 748 / km²
Innbyggjarnamn hålling
Preposisjon Høylandet
Kart
Høylandet
64°37′42″N 12°18′10″E / 64.628333333333°N 12.302777777778°E / 64.628333333333; 12.302777777778
Wikimedia Commons: Høylandet (village)

Høylandet er ein tettstad og administrasjonssenteret i Høylandet kommune i Trøndelag fylke. Tettstaden ligg ved fylkesveg 17 (Kystriksvegen) vest for lakseelva Søråa og har 359 innbyggjarar per 1. januar 2023.

På Høylandet er det kombinert barne- og ungdomsskole. Her ligg også Norsk Revyfaglig Senter, som kvart andre år arrangerer Norsk revyfestival. På Romstad om lag 2 km nord for tettstaden står Høylandet kyrkje, ei langkyrkje frå 1860.

Frå Høylandet tar fylkesveg 775 av til Gartland i Grong kommune, med vidare samband til E6 og Nordlandsbanen.

«Høylandet» i Store norske leksikon, snl.no. «Høylandet - tettsted» i Store norske leksikon, snl.no.