Gunnar Hellesen
Gunnar Hellesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. februar 1913 Haugesund kommune |
Død |
7. juli 2005 (92 år) |
Yrke | politikar, faglitterær forfattar, banksjef, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Gunnar Fredrik Hellesen (23. februar 1913–7. juli 2005) var ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Haugesund. Han var stortingsrepresentant 1961-69 for partiet Høgre, forsvarsminister 1970-71 i Borten-regjeringa og fylkesmann i Rogaland 1968-73.
Hellesen var son til ein skipskaptein. Etter å ha gått både mellomskule og handelsskule arbeidde han som kontorist i forsikringsbransjen i tida 1929-35. Frå 1936 til -40 var han reiseinspektør i Haugesund Sjøforsikringsselskap. I august 1940 vart Hellesen arrestert for motstandsverksemd mot den tyske okkupanten i Noreg. Han vart dømd til døden, men gjeven nåde og sat sidan fengsla i Hamburg til 1945.
I 1945 tok Hellesen til som akkvisisjonssjef i Haugesund Sjøforsikringsselskap, ei stilling han hadde til han i 1959 fekk jobben som soussjef i selskapet.
Hellesen var medlem av Haugesund bystyre 1945–1963, og ordførar byen i 1955 og 1958-59. Perioden 1958-62 var han medlem av Høgre sitt landsstyre. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget frå Rogaland og var dei neste åtte sesjonane med i Finans- og tollkomitéen, bolken 1965-69 som formann i komiteen.
I 1968 utnemnde Borten-regjeringa Hellesen til fylkesmann i Rogaland, eit embete han aksla då stortingsperioden gjekk ut hausten 1969. Allereie året etter tok han over som sjef i Forsvarsdepartementet i same Borten-regjeringa, ein posisjon han hadde frå 5. juni 1970 til regjeringa gjekk av 17. mars 1971. Han slutta som fylkesmann i 1973 og vart banksjef i Den norske Creditbank si avdeling i Haugesund, ei stilling han hadde til 1980.
Hellesen var frå 1979 kommandør av St. Olavs Orden.