Griselda av Vivaldi
Utsjånad
RV 718 Opera av Antonio Vivaldi | |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1735 | ||
Urframføring | 18. mai 1735 | ||
Typisk lengd | 125:44 |
Griselda er ein dramma per musica i tre akter av Antonio Vivaldi. Operaen nyttar ei revidert utgåve av ein italiensk libretto frå 1701 av Apostolo Zeno som var basert på Giovanni Boccaccio sin Dekameronen (X, 10, «Den tolmodige Griselda»).[1] Librettisten Carlo Goldoni vart hyrt inn til å tilpasse librettoen for Vivaldi. Operaen vart først framført i Venezia ved Teatro San Samuele den 18. mai 1735.[2]
Roller
[endre | endre wikiteksten]Rolle | Røyst | Premierebesetning, 18 mai 1735[3] |
---|---|---|
Griselda, kona til Gualtiero | kontraalt | Anna Giro |
Gualtiero, kongen av Thessalia | tenor | Gregorio Balbi |
Roberto, bror til Corrado | sopran (opphavleg kastratsongar) | Gaetano Valletti |
Corrado, prinsen av Apulia | kontraalt | Elisabetta Gasparin |
Costanza, den sakna dottera til Griselda og Gualtiero | sopran | Margherita Giacomazzi |
Ottone, ein thessaliansk adelsmann | sopran (opphavleg kastratsongar) | Lorenzo Saletti |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Griselda (Vivaldi)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eric Cross: "Griselda (iv)", Grove Music Online ed. L. Macy (Vitja 21. november 2008), (krev innlogging)
- ↑ musicalcriticism.com, 2008
- ↑ italianopera.org
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Audio: Cecilia Bartoli syng arien til Costanza Agitata da due venti