Grevskapet Tripoli
- Denne artikkelen handlar om den siste krossfararstaten. For andre stader med same namn, sjå Tripoli (fleirtyding).
Comitatus Tripolitanus Grevskapet Tripoli | ||||
Vasall under kongedømet Jerusalem, fyrstedømet Antiokia og Mongolriket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Grevskapet Tripoli i lag med andre starta i Det nære austen i 1135. | ||||
Hovudstad | Tripoli | |||
Språk | Latin, fransk, oksitansk, italiensk (òg arabisk og gresk) | |||
Religion | Romersk-katolsk, gresk-ortodoks, syrisk-ortodoks, islam, jødedom | |||
Styreform | Monarki [[Kategori:Tidlegare monarki}}|Tripoli, 1102]] | |||
Greve av Tripoli | ||||
- 1102–1105 | Raymond IV | |||
- 1287–1289 | Lucia av Tripoli | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Oppretta | 1102 | |||
- Erobra av Qalawun | 27. april 1289 | |||
I dag ein del av | Libanon Syria |
Grevskapet Tripoli (1109 – 1289) var den siste av krossfararstatane.[1] Det vart grunnlagd i Levanten, det vil sei den moderne regionen Tripoli, nord i Libanon og delar av det vestlege Syria, med ein folkesetnad av kristne, drusarar og muslimar.[1](p328)[2]Då krossfararane (kristne, hovudsakleg frankiske styrkar) erobra regionen i 1109, vart Bertrand av Toulouse den første greven av Tripoli. Han var ein vasall under Baldwin I av Jerusalem. Frå den tid vart styret av grevskapet ikkje så mykje avgjort av arv, som av faktorar som militærstyrke (både ytre styrkar og borgarkrigar), gunst og forhandlingar. I 1289 fall grevskapet Tripoli til sultan Qalawun i den muslimske mamelukkstaten i Kairo. Grevskapet vart då absorbert i det islamske riket.[1](p328)
Grevar av Tripoli
[endre | endre wikiteksten]- Raymond IV av Toulouse (1102 – 1105)
- Alfonso-Jordan (1105 – 1109)
- William-Jordan, som regent (1105 – 1109)
- Bertrand av Toulouse (1109 – 1112)
- Pons av Tripoli (1112 – 1137)
- Raymond II av Tripoli (1137 – 1152)
- Raymond III av Tripoli (1152 – 1187)
- Raymond IV av Tripoli (1187 – 1189), son av Bohemond III av Antiokia.
- Bohemond IV av Antiokia-Tripoli (1189 – 1233, òg fyrste av Antiokia 1201 – 1216 og 1219 – 1233)
- Bohemond V av Antiokia-Tripoli (1233 – 1252, òg fyrste av Antiokia)
- Bohemond VI av Antiokia-Tripoli (1252 – 1275, òg fyrste av Antiokia 1252 – 1268)
- Bohemond VII av Antiokia-Tripoli (1275 – 1287)
- Lucia av Tripoli (1287 – 1289)
Tripoli ver tapt til egyptiske styrkar:
- Lucia av Tripoli (1289 – c.1299)
- Philip av Toucy (c.1299 – 1300)
Tripoli går over til kongane av Kypros og Jerusalem:
- Peter I av Kypros (1345 – 1359)
- Peter II av Kypros (1359 – 1369)
- James av Lusignan (? – c. 1396), syskenbarn
- John av Lusignan (c. 1396 – c. 1430), son
- Peter av Lusignan (c. 1430 – 1451), bror, regent på Kypros
- Juan Tafures (1469 – 1473)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County of Tripoli» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Gregory T. E. "A History of Byzantium" John Wiley and Sons. 2010. Accessed at Google Books, 8 November 2013.
- ↑ Riley-Smith J. "The Knights Hospitaller in the Levant, C.1070-1309"[daud lenkje] Palgrave Macmillan, 2012 ISBN 0230290833, 9780230290839. Henta 19. september 2014.