Godtfred Holmvang
Godtfred Holmvang | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1917 Stabekk |
Død | 19. februar 2006 (88 år) Vancouver |
Idrett | friidrett, alpint |
Tok del i | Sommar-OL 1948 |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Egebergs Ærespris |
Godtfred Holmvang (7. oktober 1917–19. februar 2006) var ein norsk idrettsutøvar og forsikringsmann, fødd i Bærum. Han vart europameister i tikamp under EM i friidrett 1946 i Oslo. Mellom 1939 og 1948 vann han fem NM-titlar i friidrett; tre i tikamp og ein kvar på 110 m hekk og 400 m hekk. Holmvang, som utvandra til British Columbia i Canada og døydde der, var medlem av Tyrving IL.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Holmvang var aktiv i fleire idrettsgreiner. Allereie før andre verdskrigen viste han seg som eit stort friidrettstalent og tok sitt fyrste NM-gull i tikamp i 1939. Han dreiv elles med seglsport og etterkvart også med den ferske idretten ski i alpine greiner.
I 1946 vann han tre gullmedaljar i norske friidrettsmeisterskap. Han sigra i begge hekkeløpa på Bislett stadion og han vann tikampen. Under EM i friidrett 1946, som vart avvikla på nettopp på Bislett stadion i slutten av august månad, stod han for ei stor bragd. Før den avsluttande øvinga i tikampen, 1500-meteren, hadde han minst 14 sekundar å ta inn på leiaren, sovjet-russaren Sergej Kuznetsov. Særleg på den siste runda auka Holmvang forspranget og under stor jubel slo han Kuznetsov med 18 sekundar. «Norge hadde fått sin første europamester i friidrett – og sin første store internasjonale triumf etter krigen.»[1] For dette tikamp-gullet vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje.
Medaljar i norske friidrettsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1939: Gull i tikamp, sølv på 110 m hekk
- 1946: Gull på 110 m hekk – 16,0, framom Ole Ofstad (16,0)
- Gull på 400 m hekk – 57,3, framom Einar Saxhaug (57,3)
- Gull i tikamp
- 1947: Sølv på 400 m hekk – 55,7, bakom Ole B. Opsahl (55,6)
- 1948: Gull i tikamp
- Sølv på 400 m hekk – 57,0, bakom Ole B. Opsahl (56,4),
- bronsemedaljar på 110 m hekk (16,0) og lengde (6,65 m)
Holmvang vart tildelt Egebergs ærespris i 1946 for sine prestasjonar i friidrett og på ski. Han gjorde sitt beste NM-renn på Voss i 1947, då han i utfor enda på fjerdeplassen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Magnus Breili:Sport i navn & tall, s.276
- Einskildmenn
- Fødde i 1917
- Døde i 2006
- Norske hekkeløparar
- Norske alpinistar
- Norske mangekjemparar
- Norske bandyspelarar
- Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje
- Vinnarar av Egebergs Ærespris
- Europameistrar i friidrett for Noreg
- Norske deltakarar under sommar-OL 1948
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948
- Norske assurandørar