Glen Coe
Glen Coe | |||
dal | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Stad | Dei skotske høglanda | ||
Type | Kaldera | ||
Siste utbrot | 420 millionar år sidan (silur) | ||
Glen Coe 56°40′04″N 4°59′12″W / 56.667777777778°N 4.9866666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Glen Coe |
Glen Coe (skotsk-gælisk Gleann Comhan) er ein trong dal i Dei skotske høglanda i Skottland. Han ligg i den sørlege delen av Lochaber i Highland, og var tidlegare ein del av grevskapet Argyll. Dalen er omgjeven av ville og høge fjell. Området vert ofte rekna som ein av dei mest spektakulære og vakraste stadane i Skottland, og har status som National Scenic Area i lag med Ben Nevis.
Dalen er U-forma og danna av ein isbre. Han er om lag 16 km lang og breidda langs dalbotn er mindre enn 700 meter, og er særleg smal ved Pass of Glen Coe om lag halvvegs inne.
Geologisk sette er Glen Coe restane etter ein gammal supervulkan som hadde utbrot med ein styrke på VEI-8. Utbrotet skjedde for kring 420 millionar år sidan under silur og vulkanen har lenge vore utdøydd.[1]
I 1692 blei 38 medlemmer av Macdonald-klanen hogd ned her av medlemmer av Campbell-klanen.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Glen Coe» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Clough, C. T; Maufe, H. B. & Bailey, E. B; 1909. The cauldron subsidence of Glen Coe, and the Associated Igneous Phenomena. Quart. Journ. Geol. Soc. 65, 611-678.; Glen Coe[daud lenkje], scottishgeology.com, Hunterian Museum, University of Glasgow.; [1]; [2] Arkivert 2009-05-11 ved Wayback Machine.
- ↑ «Glencoe» (14. februar 2009). Store norske leksikon.