Hopp til innhald

Gjertrud Bjørnstad Ingard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modist Gjertrud Ingard med modell. Foto av Rigmor Dahl Delphin/Oslo Museum

Gjertrud Bjørnstad Ingard (29. august 18921972) var ein norsk modist som laga damehattar.[1] Ho hadde stor suksess nasjonalt.[2] Fleire av damehattane frå hennar bedrift Gjertrud Bjørnstad AS er i samlinga til Nasjonalmuseet.[1][3]

Gjertrud blei født 29. august 1892 i Asker.[1] Ho var dotter av Maren Sumatra Øvergaard og mannen Bjørnstad, som var bokhaldar. Ho var den tredjefødte i ein søskenflokk på 5. Gjertrud gifta seg med agent Harry Ingard, og fekk dottera Drude i 1921.[4]

Gjertrud hadde i utgangspunktet ikke tenkt å bli modist, men ville heller bli maler. Men då gudfaren hennes var modist, endte ho opp med å velja det same yrket. I boka Hvad skal våre døtre bli?: en rekke orienteringer skriv Gjertrud at for å bli ein uavhengig modist som lager hattepynt, treng ein å bruka 5-6 år, der ein bygger seg opp fra uerfaren syerske på systua til en selvstendig modist som designe og skape damehattar.[5] Gertrud tok den fyrste utdanninga si i Tyskland, og vidare utdanning i Danmark. Ho fekk også eit reisestipend for å dra til Frankrike, men fyrste verdskrig forhindra ho i å reisa.[6]

I 1917 etablerte ho Gjertrud Bjørnstad AS, med lokale i Drammensveien 4. Ho hadde både ein moteforretning og hattefabrikk.[4] I 1920 flytta butikken til Tordenskioldsgt. 6. Butikken blei etter kvart til ein av dei største og leiande butikkane i Oslo innan damehattar. I 1938 hadde atelieret og systua 15 tilsette.[2] Kronprinsesse Märtha var blant kundane.[6] Parisermoten var butikkens spesialitet, og Gjertrud pleidde å ta årlege reiser til Paris, for å halde seg oppdatert på på nyaste mote.[2] Butikken blei avvikla 30. mai 1963.[7]

Sju av damehattane frå Gjertrud Bjørnstad AS er stilt ut på Nasjonalmuseet [1][3]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Gjertrud Bjørnstad, Modist», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 24. oktober 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 Larssen, Aksel (1938). Oslo erhvervsliv gjennem hundre år. Det merkantile forlag. 
  3. 3,0 3,1 «Gjertrud Bjørnstad A/S, Modist», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 24. oktober 2021 
  4. 4,0 4,1 Øvergaard, Louis G. (1929). Øvergaardsslegtens Gaarder-gren. 
  5. Norsk Forening for Socialt Arbeide (1928). Hvad skal våre døtre bli?. Norli. 
  6. 6,0 6,1 Cleo (19.06.1963). «Hatten forynger og forskjønner». Aftenposten. 
  7. «Bekjentgjørelser i henhold til aksjelovene». Norsk Lysingsblad. 25.06.1963.