Gadot
Gadot | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 33°1′4.8″N 35°37′1.91″E / 33.018000°N 35.6171972°E | ||
Folketal | 377 (2008)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Kibbutz-rørsla | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Gadot 33°01′05″N 35°37′02″E / 33.018°N 35.617197222222°E | |||
Kart som viser Gadot.
| |||
Wikimedia Commons: Gadot |
Gadot (hebraisk skrift גָּדוֹת, tyder Elvebreidde) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Huladalen, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 381.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gadot vart grunnlagd i 1949 på staden til den øydelagde moshaven Mishmar HaYarden av Nahal-ungdommar frå HaNoar HaOved VeHaLomed og Holocaust-overlevande. Han vart kalla Gadot fordi han ligg nær breidda av Jordanelva.
I 1950- og 1960-åra vart kibbutzen ofte råka av åtak frå den syriske hæren og vart råka av mange bomber. Den 7. april 1967, då seks syriske MiG-jagarfly vart skotne ned, vart kibbutzen angripe så hardt med artillerield at nesten alle bygningane vart råka. To månader seinare, under seksdagarskrigen, vart kibbutzen igjen bomba og dei fleste bygningane vart ruinerte eller hardt skadde. Under Jom Kippur-krigen vart kibbutzen igjen råka, men til mindre grad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gadot» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2008. Henta 22. juni 2010.