Fyrste mosebok
Utsjånad
Første Mosebok, også kallla Genesis (hebraisk בראשית Bereshit 'I byrjinga', gresk Γένεσις Génesis, 'Byrjing') er den første boka i Bibelen, både den jødiske Tanakh og det kristne gamle testamentet. Ho utgjer første del av Pentateuken – samlinga av dei fem mosebøkene. Innan jødedomen kjem boka først i Torá, og dermed i Tanákh.
Boka består av urhistoria, med skapingsskildringa og Israelsfolket si tidlege historie, fedrehistoria, med slektshistoria frå Adam og Eva, gjennom Noah og Abraham og fram til Josef og Israelsfolket sitt eksil i Egypt. Første Mosebok sluttar med Josef sin død i Egypt.
1. Mosebok sin struktur
[endre | endre wikiteksten]- 1-5 Skapingskildringa, Adam og Eva, Kain, Abel og slektslina fram til Noah
- 6-11 Forteljinga om storflaumen, Noahs ark og slektslina fram til Abraham
- 12-26 Abraham, hans historie og slekt, Sara og Isak
- 27-37 Forteljinga om Jakob (Israel) og hans slekt
- 38-51 Forteljinga om Josef, israelfolket fer til Egypt