Foo Fighters
Foo Fighters | |||
| |||
Opphav | Seattle i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1994 - | ||
Sjanger | Alternativ rock, post-grunge, | ||
Plateselskap | RCA Records, Capitol Records | ||
Medlemmer | Dave Grohl (vokal, gitar) Nate Mendel (bass) Chris Shiflett (gitar) Pat Smear (rytmegitar) | ||
Tidlegare medlemmer | Taylor Hawkins (slagverk) William Goldsmith (slagverk) Franz Stahl (gitar) | ||
Prisar | MTV Video Music Award for Best Rock Video, Rock and Roll Hall of Fame |
Foo Fighters er eit amerikansk rockeband som blei starta i 1995 med tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl som frontfigur. Det vart danna etter at Kurt Cobain tok livet sitt og Nirvana braut saman. Dei andre medlemmene var Pat Smear (som hadde spelt gitar den siste turnéen til Nirvana), Nate Mendel på bass og William Goldsmith på trommer. Etter ein del utskifting av bandmedlem består Foo Fighters i dag av Dave Grohl (vokal og gitar), Pat Smear (rytmegitar), Chris Shiflett (gitar) og Nate Mendel (bass).
Namnet på gruppa kjem frå eit omgrep frå andre verdskrigen, brukt av allierte pilotar for å skildra uforklarlege luftfenomen som kunne vera nye fiendtlege våpen.
Foo Fighters fekk mange av Nirvanas tilhengarar, men har ein eigen karakteristisk stil.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1995: Foo Fighters
- 1997: The Colour and the Shape
- 1999: There Is Nothing Left to Lose
- 2002: One by One
- 2005: In Your Honor
- 2006: Skin and Bones
- 2007: Echoes, Silence, Patience & Grace
- 2011: Wasting Light
- 2014: Sonic Highways
- 2017: Concrete and Gold
- 2021: Medicine at Midnight