Follo Fotballklubb
Fullt namn | Follo Fotballklubb | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 29. september 2000 | ||
Heimebane | Ski stadion (kapasitet: 2 016) | ||
Styreleiar | Frank Johansen | ||
Hovudtrenar | Hans Erik Eriksen | ||
Supporterklubb | Followers | ||
Liga | 3. divisjon fotball for herrar | ||
| |||
Noverande sesong |
Follo Fotballklubb (stifta 29. september 2000) er ein norsk fotballklubb frå Ski. Klubben er ei samanslåing av spelarar frå seks lokale klubbar: Ås, Ski, Oppegård, Langhus, Nordby og Vestby.
Follo FK spelar heimekampane sine på Ski stadion. Klubben spelar i lyseblå drakter på heimebane, medan bortedraktene er rosa. Follo FK brukte rosa første gong då laget slo ut Rosenborg i semifinalen i cupen i 2010. Opphavet var ein kampanje for kampen mot brystkreft. Follo spelar i 3. divisjon avdeling 2 (2020). Hans Erik Eriksen er ansvarleg trenar i klubben og Hugo Pereira er assistent.
Den største prestasjon til Follo til no er å nå cupfinalen 2010 ved å slå ut Rosenborg i semifinalen. I finalen tapte dei mot Strømsgodset.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Follo FK starta i 3. divisjon for 2001-sesongen, og rykte direkte opp i 2. divisjon, etter å ha slått Lillestrøm 2 i kvalifiseringa. Då var Hans Knutsen og Aksel Bergo trenarar i klubben. I 2002 leia dei det nyopprykka laget til ein respektabel tredjeplass. I 2003 satsa klubben på to tidlegare fotballspelarar som trenarar og Erland Johnsen og Sindre Rekdal tok over roret.
Føre 2004 sesongen kom Aksel Bergo tilbake til klubben og Follo FK rykte opp til Adeccoligaen. Der overlevde dei debutsesongen med klar margin, men rykte i 2006 ned til 2. divisjon igjen. 2009-sesongen vart klubbens tredje på rad på det tredje høgaste nivået i Noreg. Stallen var yngre enn nokon gong, og det enda med eit noko overraskande, men fortent opprykk til Adeccoligaen med heile 14 poeng føre Hødd, Kristiansund og andrelaget til Rosenborg. I 2010-sesongen spelte laget seg fram til cupfinalen, der dei tapte 0-2 mot Strømsgodset, og kom på 12. plass i 1. divisjon. Trass i at dei rent sportsleg klarte å unngå å rykke ned, vart laget likevel tvangsnedflytta då dei ikkje hadde søkt om lisens for vidare spel i 1. divisjon.[1]
2011-sesongen starta med ei økonomisk opprydding, og klubben gjekk over til amatørkontraktar. 18 spelarar forlet klubben. Det var derfor ein god presentasjon då eit særs ungt Follo FK-lag likevel heldt plassen etter uavgjort mot Ålesund 2 i siste heimekamp. I 2012 var økonomien styrkt og nøkterne, profesjonelle kontraktar vart gjeninnført. Ungdommane var eitt år eldre og med litt forsterkingar gjekk pila berre ein veg, og Follo FK rykte på nytt opp som serievinnar av 2. divisjon.
2012-sesongen vart òg hugsa for kampfiksingssaka. Follo FK slo alarm etter mistankar om at tre spelarar på Follo FK og to i Asker var innblanda i kampfiksing. Saka synest å ha internasjonale forgreiningar og vert enno etterforska.
I 2012 starta Follo FK eit eige fotballakademi. Oppslutninga var stor. Akademiet vert leia av Hugo Pereira, tidlegare leiar av Manchester Uniteds fotballakademi i Lisboa. Klubben rekrutterte fleire erfarne trenarar til akademiet og til dei aldersbestemte laga i klubben: Rui Barrosso (Sporting Lisboa), Jorge Cordeiro (ex-Benfica) og Tom Dent (ex-Fulham).
Serie og cup plassering:
2001: 1. plass 3.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av Oslo Øst
2002: 3. plass 2.div Menn avd 1 – 1. runde NM. Slått ut av Elverum
2003: 11. Plass 2.div Menn avd 1 – 1. runde NM. Slått ut av Skjetten
2004: 1. plass 2.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av Lillehammer
2005: 11. plass Adeccoligaen – 2. runde NM. Slått ut av Strømsgodset
2006: 15. plass Adeccoligaen – Kvartfinale NM. Slått ut av Sandefjord
2007: 5. plass 2 div Menn avd 4 – 2. runde NM. Slått ut av Korsvoll
2008: 6. plass 2.div Menn avd 1 – 2. runde NM. Slått ut av Sarpsborg
2009: 1. plass 2.div Menn avd 2 – 2. runde NM. Slått ut av Vålerenga
2010: 12. plass Adeccoligaen – Sølv i NM. Slått av Strømsgodset i cupfinalen
2011: 10. plass 2.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av Nesodden
2012 1.plass 2. div menn avd 4 - 1. runde NM. Slått ut av Raufoss.
Kjende spelarar
[endre | endre wikiteksten]- Bonaventure Maruti
- Christian Petersen
- Edvard Skagestad
- Alexander Ruud Tveter
- Alexander Rosen
- Glenn Arne Hansen
- Lars Granaas
- Kjell Roar Kaasa
- Benjamin Dahl Hagen
- Anders Lübeck
- Martin Andresen
- Eirik Markegård
- Jorge da Silva Cordeiro
- Jens Skogmo
Toppscorarar
[endre | endre wikiteksten]År | Namn | Mål |
---|---|---|
2001 | Espen Torgersen | 17 |
2002 | Kjell Roar Kaasa | 15 |
2003 | Kjell Roar Kaasa | 12 |
2004 | Oddmund Jacobsen Vaagsholm | 19 |
2005 | Andreas Strand | 13 |
2006 | Johan Nås | 16 |
2007 | Christian Petersen | 10 |
2008 | Bonaventure Maruti | 16 |
2009 | Bonaventure Maruti | 17 |
2010 | Eirik Markegård | 13 |
2011 | Fitim Azemi | 12 |
2012 | Eirik Markegård | 19 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Follo Fotball» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Follo-leder: - Dette er tilnærmet katastrofe - VG, 6/11-2010