Hopp til innhald

Flyging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flygande papegøye.
Foto: Luc Viatour

Flyging er det å røra seg gjennom lufta utan å ha kontakt med bakken. Ei rekkje dyr flyg ved hjelp av venger som dei kan bruka til å oppnå løft og gli på luftstraumar med. Fleire menneskeskapte fargreier kan også flyga ved hjelp av ulike teknikkar, som mekaniske venger, propellar og ballongar. Læra om rørsle i luft kallar me aerodynamikk.

Flaggermus og mange fuglar og insekt er kjende for å kunna flyga. Flygeekorn og flygefisk kan berre få til glideflukt. Menneskeskapte luftfartøy er mellom anna fly, helikopter, luftskip og varmluftsballong.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Flyging
Spire Denne fysikkartikkelen som har med biologi og teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.