Flygande teppe
Utsjånad
Eit flygande teppe, også kalla magisk og svevande teppe på norsk, er eit magisk transportmiddel kjend frå eventyr og annan fantastisk litteratur. Det er eit teppe, som regel eit orientalsk teppe, som kan flyge.
Flygande teppe er særleg knytt til arabisk og persisk kultur. Dei vart kjende i Vesten gjennom Tusen og ei natt.[1] Etterkvart blei dei ein del av ikonografien til orientalsk-inspirerte verk.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «flygende teppe» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Thief of Baghdad, The». The Oxford Companion to Fairy Tales. Oxford University Press. 2015. Henta 11. mai 2019.