Hopp til innhald

Førde (fleirtyding)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Førde kjem av norrønt firði, som er dativ av fjǫrðr og tyder fjord, og namnet Førde er brukt som namn på gardar inst i fjordane mange stader langs det vestre Noreg. Førde er også brukt som del av namnet på fleire fjordar, og som familienamn.

Førde i Sogn og Fjordane

[endre | endre wikiteksten]
  • Førde er namn på ein by i Sunnfjord kommune
  • Førde er namn på tidlegare kommune i Sunnfjord i Vestland
  • Førde er namn på ei grend i Jølster i Sunnfjord kommune
  • Førde er ei nemning om Førde lufthamn, Bringeland i Gaular i Sunnfjord kommune
  • Førdefjorden er namn på ein fjord som går parallelt med Dalsfjorden i Sunnfjord, inst i fjorden ligg byen Førde
  • Førdefjorden, eller Førdesfjorden, er namnet på den søre delen av Breimsvatnet i Gloppen og Jølster kommune

Førde i Hordaland og Rogaland

[endre | endre wikiteksten]
  • Førde er namn på ein tettstad i Sveio kommune i Sunnhordland
  • Førde, eller Førre er namn på ein tettstad i Tysvær kommune på Haugalandet i Rogaland
  • Førdesfjorden eller Førresfjorden er namn på ein fjord på Haugalandet i Rogaland. Grensa mellom kommunane Tysvær og Karmøy går langsetter fjorden

Kjende berarar av familienamnet Førde

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.