Estados-øya
Isla de los Estados | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 54°47′S 64°15′W / 54.783°S 64.250°W
|
Areal | 530 km²
|
Høgaste punkt | Montes Bove (823 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Argentina |
provins | Tierra del Fuego
|
Estados-øya (spansk Isla de los Estados, 'Delstatane si øy') er ei argentinsk øy i øygruppa Eldlandet, 30 km aust for Storøya i Eldlandet. Administrativt ligg øya under den argentinske provinsen Eldlandet. Øya er ikkje busett, men den argentinske marinen har ein aktiv marinebase på øya. Mannskapet på basen består av fire marinesoldatar.[1]
Urfolket på øya er yamanafolk, som budde på øyane sør for Storøya før europearar kom til regionen.[2]
Øya heimstad for store koloniar med pingvinar – magellanpingvin, klippehopparpingvin og kongepingvin – og sel.[1]
Det blei opna eit fyrtårn på øya 25. mai 1884, San Juan del Salvamento, betre kjent som Faro del fin del mundo eller ‘Fyret ved verdas ende’. Det skal ha inspirert Jules Verne si bok Le Phare du bout du monde, som kom ut i 1905.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 admin (19. november 2015), «Not the Staten Island You Know!», Quixote Expeditions (på engelsk), henta 17. oktober 2023
- ↑ Anne Chapman (2010). European Encounters with the Yamana People of Cape Horn, Before and After Darwin. Cambridge University Press. s. 69. ISBN 978-0-521-51379-1.
- Denne artikkelen bygger på «Isla de los Estados» frå Wikipedia på tysk, den 13. juni 2012.