Eren Derdiyok
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 12. juni 1988 | ||
Fødestad | Basel | ||
Høgd | 191 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bayer Leverkusen | ||
Nummer | 19 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1994-2004 | BSC Old Boys | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2005-06 2006-09 2009- |
BSC Old Boys Basel Bayer Leverkusen |
18 (12) 64 (20) 20 (12) | |
Landslag | |||
2007- 2008- |
Sveits U21 Sveits |
6 (8) 18 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. februar 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 28. januar 2010 |
Eren Derdiyok (fødd 12. juni 1988 i Basel) er ein sveitsisk fotballspelar som har spela som spiss for Bayer Leverkusen i tysk Bundesliga, og for det sveitsiske landslaget. Foreldra hans er kurdarar frå Tyrkia.
Derdiyok var med på å vinna den sveitsiske ligaen med Basel i 2008, og spelte for Basel i Meisterligaen i 2008/09-sesongen, der han mellom anna skåra mot Barcelona på bortebane. 28. mai 2009 skreiv han under på ein fireårskontrakt med den tyske toppklubben Bayer Leverkusen.
Derdiyok debuterte for det sveitsiske A-landslaget 6. februar 2008 borte mot England, og skåra i den første kampen sin. Han var med i Sveits sin tropp til fotball-EM i 2008, der han var den yngste spelaren i turneringa, 19 år gammal.