Empty Sky
Empty Sky Studioalbum av Elton John | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. juni 1969 (Storbritannia) 13. januar 1975 (USA) | |
Innspelt | Desember 1968 – april 1969 | |
Studio | Dick James Music Studios i London | |
Sjanger | psykedelisk rock, softrock,[1] progressiv pop, folkrock, rhythm and blues | |
Lengd | 41:00 | |
Selskap | DJM (Storbritannia) MCA (USA) | |
Produsent | Steve Brown | |
Elton John-kronologi | ||
---|---|---|
Empty Sky | Elton John (1970)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Empty Sky er debutalbumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut 3. juni 1969 og var produsert av Steve Brown. I USA vart det gjeve ut først i januar 1975 med eit anna plateomslag, lenge etter at John hadde vorte internasjonalt kjend. Plata vart spelt inn vinteren 1968 og våren 1969 i eit DJM 8-sporsstudio og Empty Sky er det einaste av dei tidlege albuma hans som ikkje er produsert av Gus Dudgeon.
Sjølv om det akkompagnementet på Empty Sky kan skildrast som mild psykedelisk rock, finn ein Elton sin teft for popmelodien ganske tydeleg alt her.[2] Elton medverkar til den unike stilen på albumet med å spele cembalo på fleire spor, som «Skyline Pigeon», ein song han skildra som «den første songen Bernie og eg vart begeistra over når me skreiv han.»[3]
Elton John nytta musikarar som var vener av han sjølv eller produsenten Steve Brown. Caleb Quaye på gitar og Roger Pope på trommer, begge medlemmar av bandet Hookfoot på denne tida, spelte på mange av songane. Quaye og Pope vart seinare med John som ein del av studio- og turnebandet hans bak Rock of the Westies i 1975 og «Blue Moves» i 1976. Tony Murray frå The Troggs spelte bass. Nigel Olsson frå Plastic Penny og Spencer Davis Group spelte trommer på «Lady What's Tomorrow?». Olsson og Spencer Davis-bassisten Dee Murray vart med i turnebandet til John tidleg i 1970-åra.
Sporliste
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Empty Sky» | 8:28 |
2. | «Val-Hala» | 4:12 |
3. | «Western Ford Gateway» | 3:16 |
4. | «Hymn 2000» | 4:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Lady What's Tomorrow» | 3:10 |
6. | «Sails» | 3:45 |
7. | «The Scaffold» | 3:18 |
8. | «Skyline Pigeon» | 3:37 |
9. | «Gulliver/Hay-Chewed/Reprise» | 6:59 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Lady Samantha» | 3:02 |
11. | «All Across the Havens» | 2:52 |
12. | «It's Me That You Need» | 4:04 |
13. | «Just Like Strange Rain» | 3:44 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elton John – piano, orgel, keyboard, cembalo
- Caleb Quaye – elektrisk gitar, akustisk gitar, congatrommer
- Tony Murray – bassgitar
- Roger Pope – trommer
- Don Fay – tenorsaksofon, fløyte
- Graham Vickery – munnspel
- Nigel Olsson – trommer på «Lady What's Tomorrow»
Produksjon
- Steve Brown - producer
- Frank Owen - lydteknikar
- Clive Franks - lydbandoperatør, plystring
- Gus Dudgeon - notat i omslaget
- John Tobler - notat i omslaget
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album - Billboard (Nord-Amerika)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1975 | Pop Albums | 6 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Empty Sky» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: