Emmy Abel
Emmy Abel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. januar 1868 Oslo |
Død |
15. februar 1931 (63 år) |
Yrke | skribent, journalist, omsetjar, forretningsdrivande |
Far | Hans Holtermann Abel |
Mor | Louise Abel |
Ektefelle | Balthazar Schnitler |
Emilie «Emmy» Louise Abel (29. januar 1868–15. februar 1931) var ein norsk forfattar, journalist, omsetjar og forretningskvinne.
Emmy Abel var dotter av kunstforleggjaren Hans Holtermann Abel (1830-1903) av slekta Abel og fotografen Louise Doris Sophie Pauline Kleffel (1841-1907). Ho vart gift 3. november 1892 med forfattar og journalist Balthazar Schnitler ved notarius publicus i Kristiania. Dei er oldeforeldre til Lars Lillo-Stenberg.
Som forfattar gav Emmy Abel ut bøker under jentenamnet sitt. Jula 1894 kom den første barneboka hennar, Kalle og Ella. Ho var i fleire år medarbeidar i Norske Intelligenz-Seddeler, og omsette dessutan føljetongar.
Saman med Christne Franciska Halvorsen oppretta ho i 1904 Kaffeforretningen Excellent i Valkyriegaten 11 i Kristiania.[1] Forretninga vart nedlagd i 1906.[2] Frå 1909 dreiv ho restauranten ved Tjøme Bad.[3]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1894: Kalle og Ella
- 1911: Smaa Skøiere (Fortælling for barn)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Handelsregistre for Kongeriket Norge : utgitt på foranstaltning av det offentlige i henhold til lov om handelsregistre, firma og prokura av 17. mai 1890 § 4. 1904», www.nb.no, s. 1301, henta 11. november 2021
- ↑ «Handelsregistre for Kongeriket Norge : utgitt på foranstaltning av det offentlige i henhold til lov om handelsregistre, firma og prokura av 17. mai 1890 § 4. 1904», www.nb.no, s. 439, henta 11. november 2021
- ↑ «Morgenbladet, tirsdag 11. mai 1909», www.nb.no, henta 11. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Emmy Abel» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Finne-Grønn, S.H. (1899). Abel, den store mathematikers slegt. [s.n.] s. 125-126.
- Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 16. ISBN 8257900109.