Emeline Island
Emeline Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Aitcho Islands | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 62°23′29″S 59°47′35″W / 62.39139°S 59.79306°W | ||
Lengd | 550 m | ||
Areal | 18 ha | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Emeline Island 62°23′29″S 59°47′35″W / 62.39147222°S 59.79305556°W | |||
Emeline Island er ei klipperik øy med ei høgd på kring 100 moh i Aitcho Islands på vestsida av English Strait i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Øya er 550 meter lang og 320 meter brei og dekkjer 18 hektar.[1] Området vart vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar.
Øya er kalla opp etter den amerikanske selskuta «Emeline» under kaptein Jeremiah Holmes, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21 og opererte frå nærliggande Clothier Harbour.
Emeline Island ligg 650 meter nordvest for Pasarel Island, 1,8 km nordvest for Barrientos Island, 2,63 km nord for Dee Island, 1,7 km nord-nordaust for Sierra Island, 2,45 km nordaust for Stoker Island, 2 km aust-søraust for Holmes Rock, 1,45 km sørvest for Bilyana Island og 650 meter sørvest for Riksa Islands.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Aitcho Islands
- Composite Antarctic Gazetteer
- Antarktiske øyar sør for 60 °S
- SCAR
- Sør-Shetlandsøyane
- Kravområde i Antarktis
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Emeline Island» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4
- ↑ Brisk kart frå 1968, chilensk frå 1971, argentinsk frå 1980 og bulgarsk frå 2005 og 2009