Elling Rønes
Elling Rønes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juli 1882 Trysil kommune |
Død | 12. september 1965 (83 år) |
Idrett | langrenn |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Elling Rønes (28. juli 1882–12. september 1965) var ein norsk langrennsløpar og gardbrukar frå Trysil, som i tida 1906-16 vann femmila i Holmenkollen fire gongar. I 1911 vann han sitt einaste NM-gull på ski. Han var etter tur medlem av idrettslaga Trysil Turn & IF (Trysilgutten) og Nordre Trysil Idrettslag.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Rønes vann 50 km i Holmenkollen i 1906, 1907 (40 km), 1908 og i 1916. Berre Thorleif Haug med sine seks sigrar og Lauritz Bergendahl har fleire, men ingen annan har vunne med ti år mellom første og siste siger. Rønes kom elles to gongar på andreplassen, i 1914 og 1917, og deltok på si siste femmil i Holmenkollen i 1934, 52 år gammal.
Rønes vart norsk meister i 30 km langrenn i 1911.
I 1947 vart Rønes tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elling Rønes» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2013.