Eli
Utsjånad
Eli og Elie er personnamn som kan brukast av begge kjønn. I dansk-norsk tradisjon er det eit kvinnenamn avleidd frå det greske Helene, som betyr 'lys' eller 'lysberer'. I hebraisk og avleidde tradisjonar er Eli (hebr. עֵלִי) eit mannsnamn som betyr 'oppstiging', kjend frå øvstepresten Eli i Bibelen. Eit liknande hebraisk namn (hebr. אלי) kan også tyda 'min Gud' eller vera ei kortform av namn som Elia, Elisja, Elieser og liknande.
Eli har namnedag den 21. mai i Noreg.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Eli og varianten Elie var mykje brukte på jentebarn i Noreg på 1700-talet. Eli var også utbreidd på 1940- og 1950-talet.
I England har Eli vore kjend som mannsnamn sidan reformasjonen.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Kvinner
[endre | endre wikiteksten]- Eli Fischer-Jørgensen (f. 1911), dansk professor og motstandskvinne
- Eli Skolmen Ryg (f. 1936), norsk fjernsynsprodusent
- Eli Kristiansen (f. 1933), norsk politikar
- Eli Sollied Øveraas (f. 1949), norsk politikar
- Eli Rygg (f. 1955), norsk underhaldar
- Eli Arnstad (f. 1962), norsk politikar og næringslivstopp
- Eli Kari Gjengedal (f. 1971), norsk forfattar
- Eli Bjørhusdal (f. 1972), norsk målkvinne
- Eli Sol Vallersnes (f. 1973), norsk forfattar og fysioterapeut
Menn
[endre | endre wikiteksten]- Øvstepresten Eli, levde om lag 1000-talet f.Kr.
- Eli Whitney (1765–1825), USA-amerikansk oppfinnar
- Élie Ducommun (1833–1906), sveitsisk journalist, aktivist og vinnar av Nobels fredspris
- Eli Lilly (1838–1898), USA-amerikansk kjemikar og entreprenør
- Eli Filip Heckscher (1879–1952), svensk økonom
- Elie Wiesel (f. 1928), rumensk-amerikansk jødisk forfattar, aktivist og vinnar av Nobels fredspris
- Eli Roth (f. 1972), USA-amerikansk filmskapar og skodespelar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Eli Sjursdotter er tittelen på gjennombrotsromanen til Johan Falkberget.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eli (given name)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2009.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Eli» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2009.
- behindthename.com
- «Eli, Eli_-_mannsnamn» i Store norske leksikon, snl.no.