Hopp til innhald

Eirik Røthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eirik Røthe
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21.07.1922
Voss
Død

28.03.1996 (73 år)
Voss

Yrke bonde, skribent
Ektefelle Solveig Johanna Røthe (fødd; Sognefest)
Born Kirsti Røthe

Knut Røthe Inga Røthe Jon Røthe

Prisar Kommunal heiderspris (1985, Voss). (Dette var ein enkeltståande heiderspris før den kommunale kulturprisen vart oppretta).

Eirik Røthe (21. juli 192228. mars 1996) var ein norsk bonde og forfattar. Røthe var opptatt av å ta vare på språk og skikkar brukt i heimbygda Voss frå gamalt av.

Røthe arbeidde som bonde på (Vetla-) Røthe, på Dyrvedalen på Voss, fram til eldste sonen Knut Røthe tok over gardsdrifta på 70-talet. Det var fyrst då Eirik Røthe byrja å skriva og teikna for eigne eller andre sine bøker og publiseringar.

Røthe har blant anna gjeve ut boka Vossamål i Ord og Vendingar. Dette er ei samling av gamle uttrykk og ord brukt i vossamålet frå gamalt av. Arbeidet med denne starta lenge før utgjeving, men vart publisert som ei eige bok i 1994. Teikningane i boka er laga av Røthe sjølv.[1]

Eirik Røthe var ein periode formann i Voss Bygdeboknemnd. Voss Bygdeboknemnd har saman med Voss Sogelag og Voss Museum gjeve ut årboka Gamalt frå Voss sidan 1969. Her skreiv Røthe artiklar åleina eller saman med andre som vart gjeve ut i regi av Bygdeboknemnda.[2]

Utgjevingar/bidrag

[endre | endre wikiteksten]
Boktittel Undertittel År Forfattar Illustrasjonar / Teikningar
Eirik Røthe på friarføter Eirik Røthe: Gamle skikkar ved friing og brudlaup på Voss[3]

Borghild Dale: Jonsokbrudlaup eller barnebrudlaup

1996 Eirik Røthe -
Vossamål i ord og vendingar - 1994 Eirik Røthe Eirik Røthe
Arbeidet i bygdene[4] Årsrytmen på Voss før landbruket vart mekanisert 1980 Johannes Gjerdåker Eirik Røthe
Artikkel Side Boktittel Årstall
Brurekrunene på Voss s. 31-47 Gamalt frå Voss[5] 1980
Litt om skikkar og fordomar ved slakting av hest, hund og katt i eldre tider s.65-73 Gamalt frå Voss[6] 1981
Litt om mål, vekt og pengeverd før 1875 s.60-68 Gamalt frå Voss[7] 1984
Emigrasjonen frå Voss til Amerika i eit nateskal s.100-135 Gamalt frå Voss[8] 1985
Knute Nelson s.175-182 Gamalt frå Voss[9] 1985
Elling Eielsen Sundve 1804-1883 s.192-197 Gamalt frå Voss[10] 1985
Ei solskinssoge s.237-240 Gamalt frå Voss[11] 1985
Torvgarden i Vestbygdi s. 136-139 Gamalt fra Voss[12] 1986
Glimt frå næringsliv, handel og handelsmenn i gamle dagar s.137-144 Gamalt frå Voss[13] 1987
Flaumregulering i Vangsvatnet i 1860-åra s. 145-150 Gamalt frå Voss[14] 1987
Lars Hæve 1885-1966 : treskjerar og spelemann s. 72-86 Gamalt frå Voss[15] 1993

Røthe var gift med Solveig Johanna Røthe (fødd Sognefest). Dei hadde borna Kirsti, Knut, Inga og Jon Røthe.

  1. Røthe, Eirek (2000). Vossamålet i ord og vendingar (2. oppl utg.). Voss Prenteverk. ISBN 978-82-993299-0-3. 
  2. http://vossaslekt.org/gamaltfravoss.htm er det mogleg å søkja opp artiklane som Eirik Røthe skreiv for årboka "Gamalt frå Voss".
  3. Røthe, Eirik (1986). Gamle skikkar ved friing og brudlaup på Voss. Voss bygdeboknemd. ISBN 8299122112. 
  4. Gjerdåker, Johannes (1980). Arbeidet i bygdene : årsrytmen på Voss før landbruket vart mekanisert. Vestanbok forl. ISBN 8271010727. 
  5. Eirik Røthe (1980). «Brurekrunene på Voss». Gamalt frå Voss (H.12): S.31–47. ISSN 0333-0869. 
  6. Eirik Røthe (1981). «Litt om skikkar og fordomar ved slakting av hest, hund og katt i eldre tider». Gamalt frå Voss (H. 13): S.65–73. ISSN 0333-0869. 
  7. «Litt om mål, vekt og pengeverd før 1875». Gamalt frå Voss (H.16): 60–68. 1984. ISSN 0333-0869. 
  8. Eirik Røthe (1985). «Emigrasjonen frå Voss til Amerika i eit nateskal». Gamalt frå Voss (H17): S. 100–135 ill., port. ISSN 0333-0869. 
  9. Eirik Røthe (1985). «Knute Nelson». Gamalt frå Voss (H.17): S. 175–182 ill., port. ISSN 0333-0869. 
  10. Eirk Røthe (1985). «Elling Eielsen Sundve 1804-1883». Gamalt frå Voss (H.17): S. 192–197 ill., port. ISSN 0333-0869. 
  11. Eirik Røthe (1985). «Ei solskinssoge». Gamalt frå Voss (H.17): . 237–240 port. ISSN 0333-0869. 
  12. Eirik Røthe (1986). «Torvgarden i Vestbygdi». Gamalt frå Voss (H.18): S. 136–139 ill. ISSN 0333-0869. 
  13. Eirik Røthe (1987). «Glimt frå næringsliv, handel og handelsmenn i gamle dagar». Gamalt frå Voss (H.19): S. 137–144 ill. ISSN 0333-0869. 
  14. Eirik Røthe (1987). «Flaumregulering i Vangsvatnet i 1860-åra». Gamalt frå Voss (H.19): S. 145–150 ill. ISSN 0333-0869. 
  15. Eirik Røthe (1993). «Lars Hæve 1885-1966 : treskjerar og spelemann». Gamalt frå Voss (H.25): S. 72–86 ill. ISSN 0333-0869.