Eid kyrkje i Nordfjord
Eid kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Henny Stokseth | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stad | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordfjord | ||
Sokn | Eid | ||
Fellesråd | Stad | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Claus Wiese[1] | ||
Teknikk | Tømra | ||
Innvigd | 29. oktober 1849[1] | ||
• Endringar | 1915 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 750[1] | ||
Eid kyrkje i Nordfjord 61°54′41″N 5°59′06″E / 61.9113°N 5.9851°E | |||
Wikimedia Commons: Eid kyrkje, Nordfjordeid |
Eid kyrkje står på Nordfjordeid i Stad kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1849.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Arkitekt for bygget var handelsmannen Claus Wiese frå Eid.[1] Då kyrkja stod ferdig hadde ho sitjeplassar til heile 900 personar, men etter ominnreiingar er det no plass til 750.[1] Kyrkja har takryttar midt over skipet. Innvendig vart kyrkja dekorert med utskjeringar og dekormåling under leing av Lars Kinsarvik i 1915.[1]
Det har vore kyrkje på Nordfjoreid sidan mellomalderen og staden var truleg den fyrste i Nordfjord som fekk kyrkje etter Selja.[2] I mellomalderen hadde Eid-kyrkja status som fjordungskyrkje.[2] Den fyrste kyrkjestaden var på garden Myklebust og ein trur at kyrkja som stod der gjekk med i ein brann.[2] Då kyrkja vart nemnd i kjeldene på 1400-talet stod ho på nabogarden Mel.[2] Dette var ei krosskyrkje som stod til 1689 då ho brann ned. Tre år seinare, i 1691, vart det bygd ei ny krosskyrkje på branntufta. Denne stod til 1849 då ho vart riven for å gje plass til dagens kyrkje.[2]
Eid kyrkje er soknekyrkje i Eid sokn i Nordfjord prosti.
Interiør
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Eid kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 1. mars 2021.
- «Eid kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Eid sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Altertavla i Eid kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 1. mars 2021.
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Eldre fotografi av Eid kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Eid kommune på nettstaden disnorge.no
- Eid kyrkje i Nordfjord i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Eid kyrkje i Nordfjord». Kirkesøk. Den norske kyrkja.