Hopp til innhald

Ed Caraeff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ed Caraeff
Statsborgarskap USA
Fødd 1951 (73 år)
California
Yrke fotograf

Ed Caraeff (fødd i 1951) er ein fotograf, illustratør og grafisk designar, som hovudsakleg har arbeidd innan musikkindustrien. Han har vore kunstnarisk leiar, fotografert og designa hundrevis av plateomslag frå 1967 til 1982 for mange artistar, som Elton John, Steely Dan, Carly Simon, Three Dog Night, Tom Waits og Dolly Parton. Fotografia hans har vore på framsida av fire nummer av Rolling Stone og finst i den permanente samlinga til The Rock and Roll Hall of Fame.[1]

Caraeff sitt fotografi av Jimi HendrixMonterey Pop Festival vert rekna som ikonisk.[2][3]

  1. Ed Caraeff Internet Movie Database
  2. Artist: Ed Caraeff San Francisco Art Exchange
  3. Fletcher, Dan, Jimi Hendrix at the Monterey Pop Festival — 1967 Arkivert 2010-12-31 ved Wayback Machine. 2010. mars time.com