Dick Halligan
Dick Halligan | |||
Fødd | 29. august 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Troy i New York | ||
Dødsstad | Roma | ||
Fødenamn | Richard Bernard Halligan | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1968 | ||
Sjanger | Rock, pop, jazz, kammermusikk | ||
Instrument | Piano, orgel, trombone, fløyte | ||
Tilknytte artistar | Blood, Sweat & Tears | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Richard Bernard «Dick» Halligan (29. august 1943–18. januar 2022) er ein amerikansk musikar og komponist, mest kjend som originalt medlem i jazzrockbandet Blood, Sweat & Tears.[1]
Halligan spelte trombone på debutalbumet til BS&T, Child Is Father to the Man, men då Al Kooper slutta i bandet etter det første albumet, byta Halligan til klaverinstrument og spelte òg noko fløyte. Han fekk Grammyprisen for beste instrumentalframføring for «Variations On A Theme By Erik Satie» frå albumet Blood, Sweat & Tears. Halligan arrangerte òg mange av hittane til bandet på denne tida, og skreiv fleire av songane deira, som «Redemption» og «Lisa Listen To Me.» Halligan slutta i BS&T i 1971 etter det fjerde albumet deira.
I 1970- og 1980-åra komponerte og arrangerte Halligan mykje filmmusikk, som Go Tell the Spartans (1978), Cheaper to Keep Her (1981), Fear City (1984) og Chuck Norris-filmane A Force of One (1979) og The Octagon (1980).[2]
Dottera hans, Shana Halligan, var vokalist i triphop-duoen Bitter:Sweet.[3]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Child Is Father to the Man (1968)
- Blood, Sweat & Tears (1968)
- Blood, Sweat & Tears 3 (1970)
- B, S & T 4 (1971)
- Cat's Dream (2007)
- Slow Food Forum (2007)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dick Halligan» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Strong, Martin Charles; Peel, John (21. oktober 2004). The Great Rock Discography. Canongate U.S. s. 155–. ISBN 9781841956152. Henta 4. juni 2012.
- ↑ The Woodstock Whisperer
- ↑ «Music Review: Bitter:sweet – The Mating Game». Blogcritics. 28. juli 2014. Arkivert frå originalen 14. april 2013. Henta 9. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1943
- Døde i 2022
- Musikarar frå New York
- USA-amerikanske låtskrivarar
- USA-amerikanske jazzkomponistar
- Grammy-vinnarar
- USA-amerikanske jazztrombonistar
- Blood, Sweat & Tears-medlemmar
- USA-amerikanske rockeklaverspelarar
- USA-amerikanske jazzklaverspelarar
- USA-amerikanske jazzpianistar
- USA-amerikanske pianistar