Det internasjonale friidrettsforbundet
Det internasjonale friidrettsforbundet | |||
| |||
Skipa | 17. juli 1912 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Monaco | ||
Leiar | Sebastian Coe | ||
Verkeområde | verdsfemnande | ||
Medlemmer | 214 | ||
Nettstad | https://worldathletics.org |
Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF: The International Association of Athletics Federations) er den øvste styrande organisasjonen for friidrett. Forbundet vart skipa den 17. juli 1912 under den første kongressen i Stockholm av representantar frå 17 nasjonale friidrettsforbund. IAAF arbeider mellom anna med standardisering av tidtaking og registrering og godkjenning av verdsrekordar.
Forbundet er organisert i underorganisasjonar for Afrika, Asia, Europa (Det europeiske friidrettsforbundet), Nord-Amerika, Sør-Amerika og Oseania. Det har om lag 200 medlemsorganisasjonar frå land i alle verdsdelane. I Noreg er Norges Friidrettsforbund underordna IAAF. Den noverande presidenten i IAAF er Lamine Diack frå Senegal.
Forbundet organiserer også fleire store stemne og meisterskap, mellom anna:
- VM i friidrett
- VM i friidrett innandørs
- VM i terrengløp
- Verdscupen i friidrett
- Diamond League
- IAAF World Athletics Final
Presidentar
[endre | endre wikiteksten]- Sigfrid Edström, Sverige, (1912-1946)
- Lord Burghley, Tyskland, (1946-1976)
- Adriaan Paulen, Nederland, (1976-1981)
- Primo Nebiolo, Italia, (1981-1999)
- Lamine Diack, Senegal, (1999-)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Det internasjonale friidrettsforbundet» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2012.
- Denne artikkelen bygger på «International Association of Athletics Federations» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.