Denys Lasdun
Denys Lasdun | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 8. september 1914 London |
Død |
11. januar 2001 (86 år) |
Yrke | arkitekt |
Språk | engelsk |
Medlem av | Royal Academy of Arts |
Denys Lasdun på Commons |
Denys Louis Lasdun (8. september 1914–11. januar 2001) var ein britisk arkitekt, fødd og død i London. Han høyrer til dei viktigaste forkjemparane for modernistisk arkitektur i etterkrigstidas Storbritannia.
Lasdun studerte ved Architectural Association School of Architecture i London og arbeidde så ei tid hos Wells Coates. Til liks med andre britiske modernist-arkitektar, som Basil Spence, Peter og Alison Smithson, var Lasdun sterkt påverka av Le Corbusier og Ludwig Mies van der Rohe, men henta òg inspirasjon frå meir klassisk arkitektur.
Hans mest kjend byggverk er Royal National Theatre i London. Bygget vert rekna som eit kroneksempel på såkalla brutalist-arkitektur, bygningar som består mykje av betong og liknande materiale.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Denys Lasun» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2015.